top of page
Fasilitetar og tenester
Vi jobbar kvar dag for å gjere opphaldet ditt så komfortabelt og triveleg som mogleg.
Her er nokre av fasilitetane og tenestene du kan nyte på hotellet.

Restaurant Hyskje
Restauranten vår, Hyskje, ligg i 6. etasje på hotellet og serverer mat og drikke laga av ferske, lokale og berekraftige råvarer.
Daglege opningstider:
Frukost: 07:30 – 10:00
Lunsj: 13:00 – 16:00
Middag: 19:00 – 21:00
Soldekk & Jacuzzi
Soldekket og jacuzziane våre er opne kvar dag frå 07:00 til 23:00. Tilgang finn du i enden av gangen på kvar etasje i hotellet.


Hotell-shuttleservice
Vår gratis shuttleservice går til faste tider gjennom dagen. Spør i resepsjonen for rutetider (varierer gjennom sesongen).
Bruk shuttlebussen for å kome deg til og frå Geiranger sentrum.
Romservice
Bestill mat og drikke til rommet ditt, rett frå telefonen eller nettbrettet ditt.
Sjå romservice-menyen her:
MENY

.jpg)
Vertskap & Bagasjeservice
Vertskap og bagasjepersonalet vårt er alltid klare til å hjelpe deg med bagasje, parkering eller det du måtte trenge hjelp til. Kanskje du berre ønskjer deg noko å drikke etter ein lang dag på vegen? Ikkje ver redd for å spørje – vi er alltid i nærleiken
Gratis Wi-Fi
Gratis høghastigheits Wi-Fi er tilgjengeleg over heile hotellet.
_edited.jpg)
.jpg)
Treningsrom
Ligg i 5. etasje og er ope kvar dag frå 07:00 til 23:00. Det er litt lite, men utstyrt med tredemølle, sykkel, smith-maskin og manualar, slik at du kan halde deg i aktivitet også på reise.
Gratis Parkering
Gratis parkering finn du i øvste etasje (6. etasje) eller utanfor resepsjonen i 1. etasje. Vi tilbyr òg parkeringsteneste etter førespurnad.


Kaffi inkludert
Nyt ein god kopp kaffi, te eller varm sjokolade når som helst. Alle rom er utstyrte med Nespresso kaffimaskin, med gratis kaffikapslar og teposar. Kaffe to go finn du i 6. etasje og ved resepsjonen.
bottom of page