top of page

Aktivitetar

Lurer du på hva du kan gjøre når du er i Geiranger? Vi har noen forslag til deg. Ikke nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål, eller hvis du trenger hjelp med å booke aktiviteter.

Brenneri & Smaking-4.jpg

Geiranger Brenneri

Besøk hotellets eige destilleri, Geiranger Brenneri.

Lær om norsk gin og akevitt, korleis vi destillerer, den unike lagringsprosessen med sherryfat og mykje meir. Og forresten – smaksprøvar er sjølvsagt inkludert.

Skjermbilde 2025-07-04 143103.png

Roa Badstue

Rett nedanfor hotellet, heilt ved fjordkanten, finn du Roa Sauna.

Nyt roa i den varme badstova, utfordre deg sjølv med eit kaldt bad i tønna, ein tur gjennom utedusjen, eller eit friskt bad i sjølve fjorden. Kontrastane er uforgløymelege og svært nordiske.

Bestilling skjer direkte via Roa Sauna si nettside.

Bonseye RIB.PNG

RIB-Safari

"Bonseye" tilbyr turar på fjorden med RIB-båtar. Desse turane gir ein kombinasjon av fart og vakker natur. Besøk historiske fjellgardar og lær om menneska som våga å bu der, fortalt av lokale og erfarne guidar. Kom tett på dei kjende fossane i fjorden og smak det friske fjellvatnet som lokalbefolkninga har drukke i generasjonar. Vêrbestandige drakter blir utdelte for å halde deg trygg og tørr på dei miljøvenlege båtane.

Bestill turen din med Bonseye i resepsjonen på hotellet eller trykk på «les meir».

Uteguiden kajakk 2.jpeg

Kajakkturar

Geirangerfjorden er ein flott og trygg stad å padle. Kom tett på fossane!

Det er òg fint å kombinere turen med eit besøk til ein av dei mange fjordgardane, som Skageflå, Knivsflå og Blomberg.

boathire.PNG

Motorbåtutleige

Geirangerfjorden Feriesenter ligg rett utanfor resepsjonen på hotellet og tilbyr motorbåtar til leige. Båtane er enkle å køyre, og du treng ikkje båtførarbevis. Opplæring blir gitt. Det er òg mogleg å leige fiskeutstyr.

fossevandring.jpg

Fossevandring

Ta den vakre fosseturen frå sentrum av Geiranger opp til Norsk Fjordsenter og Hotel Union. Turen tek om lag 10–15 minutt og tek deg så tett på fossen som du vågar.

Fjordservice båter.jpg

Guidede Båtturer og charterturer på fjorden

Geiranger Fjordservice tilbyr fleire lydguidede turar gjennom dagen. Det finst to ulike alternativ:

Den 60 minutt lange turen viser dei mest kjende fossane, som Dei sju systrene, Friaren og Brudesløret, i tillegg til fjellgardane Skageflå og Knivsflå.

Den 90 minutt lange turen viser det same som 60-minuttsturen, men går òg heile den 16 km lange fjorden og tek med Matvik og Syltevik, samt moglegheit for avstiging til turen opp til Skageflå.

framside-fjordsenter.jpg

Norsk Fjordsenter

Har du nokon gong lurt på kvifor fjella er så høge og fjorden så djup? Eller korleis folk klarte seg gjennom vinteren på ein bratt fjellgard? Kanskje er du nysgjerrig på kvifor Geiranger vart valt som verdsarvstad av UNESCO?

Svar på dette finn du innanfor veggane på Norsk Fjordsenter.

 

Fjordsenteret ligg på toppen av fosseturen, og er eit fint mål for den vakre gåturen.

dalsnibba.jpg

Utsiktspunkter og turar

Besøk Ørnesvingen, Flydalsjuvet og Dalsnibba. Enten du vil køyre sjølv, leige bil eller bli med på ein guida tur, finn du eit alternativ som passar.

Den nye utsiktsplattforma på Dalsnibba opna i august 2016. Med sitt spesielle golv og glasrekkverk gir Geiranger Skywalk ei kjensle av å sveve. Med eit fall på om lag 500 meter kan du nyte ei storslått utsikt over Geiranger og Blåbreen.

Skjermbilde 2026-04-03 181034.png

Zipline Via Ferrata

Prøv Explore si nye via ferrata langs Geirangerelva og ved Dynamittfossen. Via ferrataen består av fire delar som er knytte saman med ei Nepalbru mellom kvar del.

1silent.jpg

Sille Fjordcruise

2 timars stille fjordcruise med ein hybrid-elektrisk båt, som går gjennom heile Geirangerfjorden, tett på fossane, med ein appbasert lydguide som fortel historier om fjorden og menneska – ei oppleving du ikkje bør gå glipp av.

Fjellturar

Geiranger er kjend for sine bratte fjell og djupe fjordar. Å gå tur i dette dramatiske landskapet er ei flott oppleving, men vi anbefaler gode sko og at du alltid følgjer merkte stiar. Hotellet tilbyr transport til startpunkt for fleire turar, mellom anna til Skageflå og Vesterås.

Her er nokre av våre anbefalingar:

Vesteråsfjellet
 

Ein perfekt tur for deg som har litt dårleg tid. Turen startar frå Vesterås gard og tek om lag 15–20 minutt opp til eit utsiktspunkt som eignar seg godt for piknik eller ein roleg pause. Langs vegen kan du møte geiter og andre dyr, så denne passar godt for born. Stien er lett og går slakt langs fjellsida.

Storsæterfossen

Turen opp til den populære Storsæterfossen, der stien går bak fossen, er ein av dei mest brukte turane i Geiranger. Han passar godt for familiar med yngre born, då stien stort sett består av stein forma som trappetrinn og grus, utan farlege parti. Turen er ikkje veldig bratt, men det er heller ingen flate fjell i Geiranger. Varigheit: 2–3 timar tur-retur.

Vinsåshornet

Denne turen passar for meir erfarne turgåarar. Starten er ved Vesterås gard, vidare opp til Grindalen og deretter opp til Vinsåshornet. Den første timen er relativt lett, men stigninga vidare opp til toppen er bratt og krevjande. Stien er godt merkt, og utsikta frå 1500 meter over havet er imponerande. Varigheit: 6–7 timar tur-retur.

Skageflå

Ta båt frå hotellet eller bli med sightseeingbåten frå turistkontoret, og gå trappene opp til den kjende fjellgarden Skageflå. Turen er bratt, men ikkje farleg om du tek det roleg. Du kan gå same vegen ned att og bli henta med båt, eller gå over fjellet og ende i Geiranger sentrum. Shuttlebussen vår kan hente deg der og ta deg tilbake til hotellet. Varigheit: 2–5 timar, avhengig av rute.

Løsta

Startar også frå Vesterås gard, og er litt meir krevjande enn Vesteråsfjellet. Ein jamn stigning tek deg opp til eit utsiktspunkt i fjellsida med utsikt over fjorden, Grande og Ørnevegen. Varigheit: 1,5–2,5 timar tur-retur.

Laushornet

Om du ønskjer å nå ein fjelltopp og samtidig sjå fossar, kan du halde fram frå Storsæterfossen til Laushornet. Turen er bratt og passar ikkje for små born, men utsikta frå toppen er verdt det. Du kan også starte frå toppen av Ørnevegen ved Korsmyra. Varigheit: 5–6 timar tur-retur.

© 2021 Grande Fjord Hotel

Org# 966 052 082

bottom of page