Restaurant Hyskje
Restauranten vår Hyskje ligg i øvste etasje på hotellet og er open for frukost, lunsj og middag. Vi tilbyr moderne skandinavisk gastronomi med utsikt over den vakre Geirangerfjorden. Kortreist mat er viktig for oss, og nesten alt du finn her er laga av lokale råvarer frå området rundt Geiranger, tilberedt frå botnen av med omtanke. Kjøt frå Ole Ringdal i Hellesylt, laks frå Storfjorden, torsk frå vestkysten av Noreg, poteter og grønsaker frå lokale gardar, og drikke frå lokalt bryggeri og destilleri er noko av det vi stolt serverer.
Vi tilbyr à la carte i skuldersesongane.
RESERVER BORD HER:
Eller ring oss på (+47) 70 26 94 90
Daglege opningstider:
Frukost: 07:30 – 10:00
Middag: 18:30 – 21:00
(NB! Opningstidene kan variere gjennom sesongen)








Brenneribaren
Visste du at vi har vårt eige destilleri på hotellet? Bli med på omvising og smaking, eller besøk cocktailbaren vår i 2. etasje i det nye bygget.
I Distillery Bar finn du handlaga cocktailar med lokale råvarer og eigne destillat, lokale øl og smårettar som ost, spekemat og andre delikatessar frå området. Kvar dag i sommarsesongen kan du òg nyte lunsjbuffeten vår her.
(NB! Opningstidene kan variere gjennom sesongen, og lunsj blir berre servert i sommarmånadene)
Les meir om destilleriet og bestill omvising ved å klikke på knappen nedanfor.